Du er her: Forside > Brukergrupper > Ungdom > Gode nynorske bøker

Nynorske bøker som er verdt å lese -

Hjerter og nynorsk


- for deg som vil lese for å bli bedre i nynorsk


- for deg som trenger nynorsk til skoleoppgaver

 

01.01.2010

"Ingen må vite" av Aino Basso. 2008

Ingen må vite

”Her,” seier han og dreg fingrane gjennom håret hennar. Plukkar ut eit strå. Fingrane hans glir inn i det mjuke dunhåret i nakkegropa. Han gnir fingertuppane mot hovudbotnen, masserer nakken. Ein storspove lettar. Det finst ingen andre.

Året er 1734. Ingeborg er 14 år. Ein dag dett ho på isen og slik møter ho Mikkel. Han hjelper henne opp, og Ingeborg byrjar å drøyme om han både natt og dag.  Men Ingeborg ber på ein stor og farleg løyndom. Noko ingen må få veta. Noko som kan få alvorlege konsekvensar for alle involverte. Fleire netter kjenner ho store, grove hender under nattserken. Hender som krafsar og vil henne vondt, og som bare kjem når mora ikkje er heime. 

Dette er ei spennande bok om kjærleik og blodskam. Om lengsler og håp, råskap og svik. Den er fin og vond på same tid. Dette er ei annleis bok, fordi den skildrar ei anna tid enn vår, men og fordi den har eit poetisk språk. Setningane er korte utan overflødige opplysningar. Det er lite skrift på kvar side, men dette er med på å understreke innhaldet i det som står, på ein spesiell måte. Eg klarte rett og slett ikkje å legge boka frå meg. ”Det står så lite på kvar side, så eg skulle bare lese ei side til…”

Dette er debutboka til Aina Basso. Vi kan sjå fram til neste bok. Dette lovar bra. Boka passar for ungdom frå 13 år.

Anbefalt av Anne Kristi Jønland


01.01.2010

"Alle har eit sultent hjerte" av Bjørn Sortland. 2008

Alle har et sultent hjerte

”Eg er jo berre seksten. Det kan ikkje skje med ei som meg! Eg vaskar både stova og kjøkkenet heime kvar helg. Eg gjer leksene, stort sett. Trenar friidrett. Eg er med i Dyrevernet. Eg har fadderbarn i Brasil, Patrícia på ti år. Eg har halde foredrag for klassen om sal av norskprodusert krigsutstyr til utlandet. Eg har aldri juksa, eg kastar alltid farga glas og klart glas i forskjellige konteinarar. Eg veit jo alt om kva ein skal gjera for å unngå å få ein ekstra strek på graviditetstesten.” Men så skjer det altså likevel. Ina vert gravid, med Erik. Etter ein klassefest. Men Erik er saman med Katrine. Har han sagt noko til henne?

Ina blir fortvila, sår og sint. Ho har så mange planer for framtida. Ho har sjølvsagt behov for å seie det til nokon, men kven skal det bli? Ho finn ut at ho vil seie det til Synnøve, konfirmantleiaren frå året før. Synnøve er til å stole på. Ho veit alltid råd. Men ho bur i Oslo, og Ina veit ikkje om ho tør å seie DET over telefornen.

Ein laurdag Ina er åleine heime, treff ho tilfeldigvis Erik. Det endar med at han køyrer henne, over fjellet, til Synnøve i Oslo. Og mesteparten av handlinga i boka går føre seg på turen over fjellet saman med Erik. Dei vert betre kjende med kvarandre på denne turen. Eit famlande og usikkert samvær, mellom to som eigentleg ikkje kjende kvarandre før, men som nå plutseleg har noko felles.

Boka har ein åpen slutt.  Kva som skjer vidare med Ina og Erik veit vi ikkje. Men det er godt å kunne bruke fantasien sjølv og… "Alle har eit sultent hjerte" er ein kort og lettlest roman. Språket er enkelt og kapitla korte, noko som gjer at den går raskt å lese. Dialog er det lite av. Det er, stort sett, Ina sine tankar vi les om, men dei er det mange av. Ein skulle tru at å skildre tankane til ei gravid seksten år gamal jente ville by på problem for ein mannleg forfattar på 40. Dette har det ikkje gjort. Boka er lese av sekstenåringar som seier at den er truverdig. Og det er ein god attest. Dette er Sortland si 33. bok. I 2008 fekk han kritikarprisen for beste barne og ungdomsbok med Alle har eit sultent hjerte. Det er velfortent. Passar for ungdom frå 13 år.

Anbefalt av Anne Kristi Jønland


28.05.2009

Bruheim, Magnhild : Venneringen (2007)

Venneringen

”Livet er ikkje alltid til å stole på. Hadde Bente Vessel fått eit varsel om alt som skulle skje den siste ferieveka før tiande klasse, så hadde ho kanskje snudd og reist heim.”

Slik byrjar boka Venneringen av Magnhild Bruheim. Hovudpersonen Bente gler seg til ei ferieveke på hytta. Ho har tatt med seg tre venninner og dei skal nyte dagane med bading og kos. Men denne veka vert ikkje slik Bente håper på. For det fyrste føler ho seg svikta av bestevenninna Kami. Kami ser ut til å ha noko hemmeleg på gang med Ingrid. Og gjennom dette er Ingrid den som øydelegg alt, sett med Bentes auge. I hytteområdet der dei bur skjer det både innbrot og valdtekt og jentene vert drege med inn i etterforskinga. Ting vert ikkje betre når Bente får biletmeldingar på mobilen sin. Dei er sendt frå eit ukjent nummer, men det er bilete av henne i hytta. Og om natta vaknar dei av at nokon kjem inn vindauget i eit av dei andre romma……

Sentralt i boka står også Hallstein. Han bur i nærleiken av hytteområdet, og har kjent Bente heilt sidan dei var små. Han seier at han har vore forelska i henne. Men er han det nå eller lar han seg lokke av Ingrid?  Og kva med den kjekke kameraten hans, Marius. Er han interessert?

Dette er ei krimbok for ungdom, som samtidig tar opp tema som forelsking og rivalisering mellom jenter i ein venninnegjeng.  Verkeleg ei bok som mange kan kjenne seg igjen i og leva seg inn i. I 2003 gav Magnhild Bruheim ut Ny melding, som er ei spenningsbok for ungdom. Venneringen er ein frittståande fortsettelse av denne. I tillegg har forfattaren skreve fleire krimbøker for vaksne. Boka har eit godt og lettfatteleg språk, noko som gjer at den er lett og lesa, også for dei som slit med nynorsken. Passar for ungdom frå 13 år.


14.05.2009

Hoel, Tore Elia: Vinterfilm (2005)

Vinterfilm

Kristian er 16 år og går på vidaregåande skule. Han har ikkje sysken og bur saman med foreldra sine på ein liten stad i Noreg. Men denne vesle familien har det ikkje godt. Foreldra drikk. Dette synest Kristian er både vondt og flaut. Han prøver å skjule det med å rydde og vaske etter dei, og gjera alt som skal til for å skjule korleis dei eigentleg har det.  Han sender julekort til familien, han lagar mat då det kjem uventa besøk som ikkje må få mistanke. Kort sagt, Kristian si viktigaste oppgåve å dekke over foreldras alkoholbruk.
I boka møter vi òg Rockefellow og Linn. Linn er ei venninne som om litt skal flytte frå ”denne drittstaden”, som ho sjølv uttrykker det. Rockefellow er ein kamerat som lever på kant med lova.

Handlinga i denne boka tek for seg eit døgn av Kristian sitt liv. Det er nyttårsskifte. Mykje skjer og mange tankar dukkar opp. Finst det svar på problema til Kristian eller må livet fortsette utan klare løysingar. Passar for ungdom frå 13 år. 


30.04.2009

Bruheim, Magnhild: Ny melding (2003)

Ny melding

”Har det skjedd noko?” spurde Martine spent da dei hadde sett seg.
Bente tok ein kunstpause før ho formanande sa: ”Dette må du lova ikkje å seia til ein levande sjel.”
 ”Æresord.”
”Eg har fått tekstmeldingar frå telefonen til Kami,” kviskrar ho.
”Kva?!” utbraut Martine, før ho såg stumt og forvirra på Bente med sminkelause auge.
”Ho har sendt meldingar om at alt er ok med henne. Med streng beskjed om å ikkje seia noko til andre.”
”Med andre ord…ho har altså rømt.” Martine såg lamslått ut. ”Og så vil ho ikkje at dei skal finne henne.”
”Hadde eg berre vore sikker på det. Men det verste er at eg ikkje veit om det er ho sjølv som har sendt meldingane. Eller om ho er fanga av folk som bruker telefonen hennar.”

Bente, snart 15, og Kari-Marie er bestevener. Den kvelden det heile startar, må Bente, som er hovudpersonen i boka, vera heime saman med foreldra. Ho får ikkje gå med venene på kino. Men tekstmeldingane fer att om fram mellom venninnene. Kari-Marie, Kami blant venner, sender Bente ei melding når ho sit på bussen heimover. Ho fortel om ein kjempesøt, litt eldre gut som kikkar på henne. Han går av på same haldeplass som henne. Brått vert sambandet brote, og når Bente ringjer mora til Kami seinare på kvelden, er ho endå ikkje komen heim.  
Snart er både politiet og pressa kopla inn i saka for å finne Kami. Men er ho kidnappa, eller har ho rømt? Bente får fleire tekstmeldingar frå telefonen hennar. Ho ber Bente halde meldingane hemmeleg. Men er det verkeleg Kami som sender desse meldingane? Bente kan ikkje seie noko til dei vaksne. Det har ho lova Kami. Men snart får ho sjansen til å dra til Oslo sjølv for å finne venninna, som skal opphalde seg der. Og kva som der skjer, får du lesa sjølv…

Kvar går grensa mellom å vasle og å sladre? Kva betyr mest, ei god venninne eller ein ny kjærast? Kven kan ein stole på, og kven lyg? Dette er ei svært spennande bok, med mykje dramatikk og alvor. Den er truverdig og 14-15 åringar vil lett kjenne seg at. Boka er skreve på nynorsk. Den har eit godt og levande språk, noko som gjer at den er lett og lesa, sjølv for dei som synest nynorsk er vanskeleg å få tak på.


1 2 > »
Skriv ut siden Lag PDF av siden Endre skriftstørrelse Lytt til tekst

Del denne siden:

Asker kulturhus, Strøket 15a, 1372 Asker   prikk  66 90 96 56   prikk  E-postadresse: asker.bibliotek.informasjonen@asker.kommune.no